Leserinnlegg: Legevakta - Kva med beredskapen?
-
Leserinnlegg
-
28.01.2025 Kl. 12:35
Eidsvollingane vil
ha styring over si eiga legevakt. Det var den klare bodskapen på folkemøtet som
kommunen arrangerte på Eidsvoll 1814 tysdag 14. januar.
Av Ruth Solveig
Birkeland, SV-medlem
Det stod mykje på spel. Kommunedirektøren
innstiller på flytting til Jessheim. Signala var at fleirtalet (posisjonen) i
kommunestyret ville støtta kommunedirektøren si innstilling. Posisjonen består
av H, FrP, KrF og INP. Men fleirtalet er skjørt (18/17). Bryt ein person ut,
misser dei fleirtalet.
INP (Industri og
næringspartiet) med sin eine representant flagga standpunkt. Dei ville behalda
legevakta i Eidsvoll. Dermed glapp fleirtalet. Då rulla ballen. FrP ville ikkje
svara. Dei tykte debatten om Vilberg eller Jessheim var dum. Her var det
psykisk helse som var viktig, - og eit slikt tilbod måtte ein heilt til Oslo
for å få!
KrF dekte seg bak
plassmangel på Vilberg (noko som vart tilbakevist av fleire). Eit ja eller nei
til flytting av legevakta fekk vi ikkje frå KrF. På slutten av møtet var det
berre Høgre som stod ved kommunedirektøren si innstilling: legevakta flyttar vi
til Jessheim.
Opposisjonen (Ap, Sp, SV,
MDG, V og PP) var klare i sine synspunkt. Rødt hadde forfall, men står saman
med resten av opposisjonen. Legevakta for eidsvollingane skal væra i Eidsvoll. Mange
gode argument for det vart framførte, - og vant fram. Det var knapt nokon blant
«folket» som torte ytra seg for flytting.
Sjølv sakna eg eitt
perspektiv i ei elles omfattande utgreiing frå kommunedirektøren: beredskap.
Vi lever i usikre tider. Klima, miljø, pandemi og krig i Europa gjer oss
utrygge. Regjeringa ber oss om å lagra vatn og mat for minst ei veke. Ikkje
alle har plass til slikt, så vi må hjelpa kvarandre. Beredskapsvenn blei
nyordet i 2024.
Trumfargumentet for
flytting av legevakta til Jessheim var styrkt fagleg fellesskap. Det er dette
som er framtidsretta meinte Høgre. Men i usikre tider er ikkje sentralisering
framtidsretta, det er bakoverlent!
Også kommunedirektøren
måtte innrømma at lokal legevakt styrkte beredskapen under pandemien. Men
beredskap som sådan var ikkje noko tema i saka om legevakta. Ikkje sagt med
reine ord, men med mangel på ord blei kommunalsjefen svar skuldig.
Min spådom er at ettertida
vil døma oss hardt for sentraliseringsiveren. Å samla mest mogeleg av
arbeidsplassane i byar, - spesielt i Oslo, gjer oss sårbare. Vi har fått ein
forsmak. Blir det for mykje snø, styrtregn og vind, eller trøbbel med
togtrafikken, blir det kaos. Produktiviteten går ad undas.
Verre er det at folk
som treng hjelp, kanskje ikkje får det. Og kva med hybride angrep, - sabotasje og
liknande? Slikt må vi væra budde på i følgje myndighetane. Det betyr at vi må
tenka beredskap.
Beredskap handlar om å
ta vare på land og folk. Landet treng levande byar og bygder, i kvar ein krik
og krok. Slik hevdar vi suverenitet og eigarskap til landet vårt. Folket treng arbeidsplassar,
sosialt fellesskap, skule- og helsetilbod, hus og heim. Og ein levande og
berekraftig natur.
Marknadskreftene er
sterke. Sentralisering gir kortsiktig profitt,- for nokre. Men sentralisering
er samtidig ei gift. Gift for tryggleik. Gift for tillit og små forskjellar. Gift
for beredskap.
Nokon må ta ansvar. Det
offentlege kan ta ansvar. Ansvar for at gode arbeidsplassar blir spreidd, ikkje
sentralisert. Legevakta i Eidsvoll gir kompetansearbeidsplassar i ei bygd med
lite av slikt. Offentlege arbeidsplassar bør væra ei motkraft. Det være seg
legevakt, skuletilbod, domstolar og mykje meir.
Folkemøtet viste veg
og gir håp for demokratiet. Lokaldemokratiet vårt, - demokratiets byggestein.